Birthe og Nina (Alver): Alt skal registrerast

Birthe Bjørstad og Nina Randal frå Alver skal sette inn Sykle til jobben-støtet på fritida.

Dei arbeidar i BUA i Alver kommune, som er eit eldorado for dei som skal vere med i Sykle til jobben for fyrste gong. Frå to lokale på Frekhaug og Manger, lånar dei ut alt frå sykkelhengar til kajakker.

– Me kjem nok mest til å vere med på Sykle til jobben i fritida, fordi me har litt for lang reiseveg til å sykla så mykje til og frå jobb, fortel dei.

Men planane er klare: Jogging og fjellturar skal registrerast, og kanskje eit og anna walk’n talk-møte med jobben? Birthe set pris på at Sykle til jobben-aksjonen kan oppdaterast med Strava, ein treningsapp som ho allereie nyttar.

– Så må me ikkje gløyme at dei frivillege på BUA i Alver og skal delta, og det med heile to lag med fem personar på kvart, fortel Nina.

Forsidebilde: Alver kommune
Øvrige bilder: Silje Drevdal, Statens vegvesen