Suksess for samkøyring

Sidan september 2023 har Skyss i samarbeid med Miljøløftet og selskapet Nabogo testa ut eit pilotprosjekt for samkøyring i Øygarden og på Askøy. Prosjektet har så langt fått resultat langt over det ein venta på førehand.

– Før start estimerte vi og Nabogo med knappe 100 samkøyringsturar i veka, fortel Kari Steinsland, avdelingsleiar for ny mobilitet i Skyss, som har ansvar for gjennomføringa av prosjektet.

Det talet har blitt mangedobla: Sidan oppstarten i september 2023 har 1762 personar lasta ned Nabogo-appen, som gjer det lett å både få eller tilby skyss med privatbil. Og gjennom appen har det fram til veke 2 i 2024 blitt gjennomført 10 132 samkøyrings turar, frå og til Askøy eller Øygarden kommunar.

 

I snitt utgjer det rundt 634 samkøyringsturar i veka på dei 16 vekene prosjektet har vore i gang, og tendensen er stigande.

Fordelar for både sjåfør og passasjer

Litt av grunnen til suksessen er at både passasjer og sjåfør blir belønna for å reise saman: Har du ein bil, får du betalt minst 15 kr i tilskot for kvar passasjer du tek med. Er du passasjer, reiser du gratis dei første 10 kilometrane. Med periodebillett frå Skyss får du heile reisa inkludert.

Ein annan grunn er at appen har fast definerte hentepunkt som gjer det lett å bestille og bekrefte turar for passasjer og sjåfør.

Sjølv om prosjektet har vore retta mot turar som startar eller stoppar i Øygarden eller på Askøy, har ein ikkje sett avgrensing på bruk andre stader. Faktisk har det vore over 6000 samkøyringsturar internt i Bergen kommune, og dette kjem altså i tillegg til dei over 10 000 med start eller stopp i Øygarden eller på Askøy.

Betre miljø og mindre køar

Samkøyring er ein vinnar for miljøet. Fleire passasjerar per bil gir færre bilturar, og mindre klimautslepp og veistøv.

Men det gjev også mindre kø og trengsel. Berre 10-20 prosent av bilane som køyrer frå Øygarden og Askøy til Bergen har passasjerar. Dermed kan samkøyring vere eit viktig verktøy for å få ned dei lange køane i rushtida, spesielt over Sotrabrua.

Gode samtalar i bilen

Ei av dei som har testa ut samkøyring er Elin Haugsdal Kvinge frå Sekkingstad i Øygarden kommune. Ho jobbar som automasjonsingeniør, og køyrer kvar morgon 06.10 frå Sekkingstad til arbeidsplassen Siemens Energy i Kanalveien i Bergen.

Elin har venta på at det skulle koma ei ordning med samkøyring. No har ho fått fast samkøyrar.

– Etter tips på Instagram, lasta eg ned appen Nabogo. Eg fekk «tilslag» hjå ein passasjer frå Blommavegen ved Bildøybakken. Eg må vedgå at eg var litt spent på korleis det ville fungera å ta opp ein ukjent passasjer, men det har gått over all forventning. Vi har god kjemi og har gode samtalar i bilen, seier Elin.

Ein bil mindre i køen

Marte Kahrs, passasjeren i bilen til Elin, er også godt fornøygd med ordninga.

– Eg har delvis heimekontor og reiser på kontoret på Danmarks plass eit par dagar i veka. Nabogo er svært enkelt system der eg går inn på appen og ser om det ligg inne tilbod om skyss som passar for meg, seier ho.

– Når Marte no er passasjer i bilen min, vil det vera eín bil mindre i køen. Med denne positive erfaringa, tek eg gjerne fleire om bord, seier Elin Haugsdal Kvinge.

Lansering av samkøyringstenesta på Straume Terminal i Øygarden, september 2023. Kristian Amlie, Bouvet og Sandra Wolter-Paulsen, Nabogo/Universitetet i Sørøst Norge.

Søker vidare finansiering gjennom Miljøløftet

Initiativet bak samkøyringsprosjektet kjem frå arbeidsgruppe vest i Miljøløftet, som jobbar med nye Miljøløftet-prosjekt i Bergen vest, Askøy og Øygarden. Representantar frå denne arbeidsgruppa, saman med representantar frå Alver, Bjørnafjorden, Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune og Skyss, inngår i ei prosjektgruppe som følgjer opp og evaluerer tiltaket.

Prosjektet har førebels finansiering ut 2024, fortel Kari Steinsland i Skyss.

– Vi skal i gang med ei evaluering av prosjektet no i vår. Men vi kan vel alt slå fast at dette har vore ein stor suksess, med langt fleire brukarar enn forventa.

Det er søkt om midlar for vidare finansiering gjennom handlingsprogrammet i Miljøløftet for perioden 2025-28. Forslaget til handlingsprogram skal behandlast i styringsgruppa i Miljøløftet i løpet av mars, og går deretter til lokalpolitisk behandling våren 2024. 

Les meir om samkøyring på Skyss sine sider 

Les meir på Nabogo og last ned samkøyringsappen 

Tekst: Anders Kjetland/Vigleik Brekke 
Hovudfoto: Elin Haugsdal Kvinge har god erfaring med samkøyring. Fotograf: Vigleik Brekke.