Digitalt frukostseminar: Hald deg frisk. Gjer turen miljøvennleg.

Kva betyr det for kroppen og hjernen vår at vi syklar og går meir til jobb og skule? Og kva skal til for å dulte oss i gang? Møt Ole Petter Hjelle, Aslak Fyhri, Helge Hillnhütter og moderator Solveig Paule til eit inspirerande frukostseminar, fredag 17.09 kl. 09.00 - 10.30. Gratis og ope for alle!

Klikk her for å bli med: app.sli.do/event/asu2npou

 
Ole Petter Hjelle er fastlege, forfattar og foredragshaldar. Han fortel om korleis litt ekstra fysisk aktivitet kan ha stor effekt på korleis hjernen vår fungerer. Vi hugsar betre, vi lærer betre, vi blir meir kreative, og har mindre risiko for demens. - Hadde fysisk aktivitet vore ein pille ville alle ha teke han, seier Hjelle.
 
Aslak Fyhri er forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt. Han er mellom anna oppteken av kva som skal til for å få folk til å sykle eller gå meir. Eit verkemiddel er «nudging», eller dulting. Små vennlege dult for å skape ei endring i reisemønstera våre.
 
Helge Hillnhütter er arkitekt og byplanleggar, og førsteamanuensis på Institutt for arkitektur og planlegging ved NTNU. Han snakkar om gåing: Mellom anna om kva attraktive byrom har å sei for om vi oppfattar gåturen som kort eller lang, og kva det igjen har å seie for distansen vi aksepterer å gå, til dømes til kollektivhaldeplassar.
 
Solveig Paule er moderator, og oppsummerer seminaret i samtale med dei tre deltakarane. Ho er tidligare leiar av Miljøløftet og no seksjonssjef i Seksjon for kommunikasjon og samhandling i Bergen kommune.
 
 

Klikk her for å bli med