Aktivitetar i mobilitetsveka

I løpet av veka blir det arrangert fleire spennande aktivitetar kvar dag, både for store og små, på ulike lokasjonar i Bergensområdet.

Gratis sykkelservice og vitenverkstad

Treng du å få justert bremser og gir? Eller kanskje smøre kjede? Møt opp og få sykkelen i stand på Miljøløftets omreisande sykkelservice, der proffe mekanikarar utføre enkel service heilt gratis. NB! Vi understrekar at det er snakk om enkel service, ikkje reparasjonar!

I samarbeid med VilVite arrangerer vi vitenverkstad saman med sykkelservice: Vi fiksar sykkelen din, medan du lærer å bygge ein rakett og deltek i konkurransen om VilVite-billettar.

Alle aktivitetar under årets mobilitetsveke blir arrangerte ute og på ein forsvarleg måte, med omsyn til smittevern og lokale reglar.

Opningsmarkeringar

Opninga av mobilitetsveka i Bergen vil skje i samband med den nye sykkelkulverten på Minde Allé, eit prosjekt som er finansiert gjennom Miljøløftet. Her vil byråd for klima, miljø og byutvikling, Thor Haakon Bakke vere til stades og klippe snora. Markeringa signaliserer då både starten på mobilitetsveka og opninga av eit nytt tiltak som tilrettelegg for tryggare ferdsel for syklistar og fotgjengarar i området. 

I Alver skal det vere offisiell opning av kommunens nye dagsturhytte, Sjøbua. Her blir det mogleg å bruke sjøvegen som tilkomst for å sjå opninga.

Som ein del av starten på mobilitetsveka i Øygarden, tilbyr Spildepollen sykkelpark gratis utlån av syklar og lett rettleiing for dei som ønskjer å nytte tilbodet.