Mobilitetsveka 2021: Takk for i år!

Torsdag 16. september gjekk startskotet for Mobilitetsveka 2021, som er Europas største kampanje for miljøvennleg transport. Gjennom heile veka har det vore mykje aktivitet i alle Miljøløftet-kommunane.

I år handla temaet om korleis aktiv mobilitet og berekraftig transport bidreg til betre folkehelse, med mottoet «Hald deg frisk. Gjer turen miljøvennleg». I løpet av veka har det vore mange spennande og miljøvennlege aktivitetar for innbyggjarar i Bergen, Alver, Bjørnafjorden, Øygarden og på Askøy.

På ulike lokasjonar i heile Bergensområdet har det vore tilbod om gratis sykkelservice og vitenverkstad, saman med VilVite. Som eit tillegg til dei ulike aktivitetane, arrangerte vi eit digitalt frukostseminar. Her blei det samla tre ulike perspektiv på kvifor vi skal røre oss meir på våre daglege reiser til skule og jobb. Og ikkje minst, korleis ein skal få fleire til å gjere det. Sjå opptak av frukostseminaret her.

I samband med Mobilitetsveka har det også vore nokre opningsmarkeringar. I Bergen opna byråd for klima, miljø og byutvikling, Thor Haakon Bakke den nye sykkelkulverten under Minde Allé, og i Alver fekk ordførar Sara Hamre Sekkingstad gleda av å klippe snora for Frekhaug minipark.

Om europeisk mobilitetsveke 

Europeisk mobilitetsveke har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Mobilitetsveka blir arrangert kvart år frå 16. – 22. september over heile Europa. Meir enn 2300 byer og tettstader deltok i 2020. Mobilitetsveka er dermed Europas største kampanje for miljøvennleg transport. Temaet for året er korleis aktiv mobilitet og berekraftig transport bidreg til betre folkehelse, med mottoet «Hald deg frisk, gjer turen miljøvennleg».

Den europeiske mobilitetsveka har valt årets tema som ei påminning om kor viktig det er å halde kroppen i gang, både for kropp, hjerne og miljø. Spesielt i ei krevjande tid med pandemien som har prega verda.