Miljøløftet i Alver kommune

Omfattande trafikksikringstiltak i Sagstadvegen og Kvernhusbrekko og ein ny infrastruktur for gang og sykkel i Knarvik er mellom hovudpunkta i handlingsprogrammet for 2022–25. Vidare ligg det løyvingar til strategiarbeid, sykkeltiltak og ulike trafikksikringstiltak for farlege skulevegar.

Gjennom byvekstavtalen er Alver sikra 324,5 millionar kroner til programområdetiltak og 27,1 millionar kroner i belønningsmidlar i perioden 2019-2029. Midlane er oppgitt i 2020-kroner og blir indeksregulerte. Byvekstavtalen sikrar også ekstra belønningsmidlar til Skyss (drift av kollektivtrafikk) som går til ruteproduksjon i heile avtaleområdet.

Prosjekt med finansiering i handlingsprogram 2022–2025

Utbetring av Sagstadvegen
Fylkesveg 5308 Sagstadvegen skal utbetrast på strekninga mellom rundkøyringa ved Frekhaug senter og Sagstad skule. Her skal det komme ein ny trafikksikker infrastruktur med oppgradert vegkropp, ny gang- og sykkelveg / fortau og ny busshaldeplass. Strekninga ligg mellom rundkøyringa med sin kollektivsentral og Sagstad skule, inkludert det store idrettsanlegget på Sagstad. Strekninga burde bli mykje brukt av mjuke trafikantar, men sidan vegen er så dårleg tilpassa for desse trafikantgruppene, skjer mykje av transporten til og frå skule og idrettsanlegg med bil. Tiltaket vil gje eit meir trafikksikkert og effektivt tilbod til gåande, syklande og kollektivreisande, og gjere det meir attraktivt å ferdast på strekninga som mjuk trafikant.

Gang- og sykkeltilbodet blir kopla mot senterområdet på Frekhaug, og blir dermed ein del av eit samanhengande tilbod både i Frekhaugområdet og langs Fv564 i kommunen. Dette er igjen bunde saman med gang- og sykkeltilbodet langs E39 både mot Knarvik og Bergen.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 27,8 mill. kr.

Trafikksikringstiltak for Kvamsbrekko
Fylkesveg 5476 Kvamsbrekko er i dag ein svært farleg strekning for mjuke trafikantar. Strekninga skal mellom anna få fortau og meir trafikksikre avkøyrslar. Ved sidan av å gje betre tilbod for fotgjengarar og syklistar, skal tiltaka gjere det lettare for kollektivtrafikk og næringstransport å komme seg fram.

Tiltaket vil bidra til at langt fleire vil sykle og gå til og frå skule og hovudbussrutene på Fv 565 ved Alversund skule. Det vil også bidra til tryggare trafikk, sikre at trafikken kjem seg fram og bidra til at reisetida for kollektivreisande både blir redusert og lettare å føreseie.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 10,5 mill. kr.

Kv1023, Kv1056 Regionsenteret Knarvik: Kulvert (gang- og sykkeltunnel) under vegområde, gang- og sykkelveg, fortau og turvegar
Dette prosjektet er ein del av eit omfattande anlegg med vegar, vatn og avløp, inkludert ei stor omlegging og utbygging av E39. Prosjektet inneheld grunnleggande infrastruktur, og er ei forutsetning for å etablere eit betre og meir trafikksikkert tilbod for gåande og syklande i området.

Tiltaket gjer det enklare og meir attraktivt å gå mellom bustadområdet Stallane og kollektivterminalen i Knarvik. Det gjer skulevegen tryggere og enklare til og frå nye Knarvik barneskole, både til fots og på sykkel. Det reduserer også behovet for bruk av privatbil i Knarvik. Tiltaket blir ein viktig del av Knarvik-utbygginga, for eit grønare regionsenter med omfattande tilbod til gåande og syklande. Det vil også utgjere deler av grunnlaget for den omfattande fortettinga i Knarvik, ref. Knarvikplanen.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 10,5 mill. kr.

Regionsenteret Knarvik. Gang- og sykkelveg mellom Helsehuset og Såtabu-området.                                                                                            Dette prosjektet etablerer ein 250 meter lang gang- og sykkelveg mellom bustadområdet Såtabu og kollektivterminalen i Knarvik. Det gjer skulevegen tryggare og enklare for elevane til og frå nye Knarvik barneskole, både til fots og på sykkel. Det reduserer også behovet for bruk av privatbil i Knarvik.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 4,2 mill. kr.

Strategidokument, prosjektutgreiingar, sykkelpakke og mindre fysiske trafikksikringstiltak                                                                          Strategidokumentet skal tydeleggjere Alver kommune sine strategiske grep for å nå dei politiske målsettingane som Miljøløftet byggjer på. Det skal avklare kva for satsingsområde kommunen vil ha dei næraste 10 åra, kva område som vil bli prioritert og kva som må til av ressursbruk for å nå måla i Miljøløftet og i utviklinga av Alver.

Prosjektutgreiingane skal avklare kva for prosjekt i Alver som er aktuelle for Miljøløftet dei komande åra, basert på prinsippa og strategiane som er lagt i strategidokumentet.

Sykkelpakken vil kunne omfatte lokale sykkelkampanjar som «Sykle til jobben», innkjøp av syklar til BUA, sykkelservice, sykkelparkering og tilskot til sykkelkjøp for innbyggarar.

Fysiske tiltak/trafikksikring vil fokusere på særleg farleg skuleveg, omtala i temaplanen for trafikksikring.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 4,9 mill. kr.

Les fleire detaljar i prosjektportfolioen for Miljøløftet